Vårsøghelga

Henning Sommerro + 8. klassinger = Henningtimen

Som alle år tidlegare vert Vårsøghelga i år og sparka i gang med Henningtimen.

Henningtimen: Åttande klasse ved Surndal ungdomsskule fekk ein annleis musikktime.  Foto: Nanna Ranes

Kultur

Åttande klasse ved Surnadal Ungdomsskule får ein musikktime: førtifem minutt med improvisert innhald frå Henning Sommero.

«Fram må vi streva tess gråe hår vi får». Åpningsvisa var kan hende meint som ein framtidsutsikt for ungdommane, - ikkje godt å seie. Sommero sette i alle høve stor pris på publikummet sitt og takka for at dei såg presentable ut, ja at dei til og med kanskje var nyvaska. Forsiktige smil og humring frå elevane tyda på at humoren var godkjent.

Han åtvara deretter elevane om at han denne timen hadde diktatorisk makt og at elevane ikkje kunne gjera anna enn å høyre etter kva han tala om og kva han spela.

Han tala om så mangt og var innom viser og  klassisk musikk, Grieg og Lindeman, rytmer og rap. Han fortalde om da Vårsøg vart lansert i Sør-Korea av Stargate (alle i salen smilte da Stargate vart nemt; norske musikkprodusentar som held til i Los Angeles). Vårsøg vart «hit» det året i Sør-Korea, og hadde Sommero skreve under på rett stad på nokre dokument hadde han i dag vore millionær. Påsto han i alle fall.

«Eg har ofte stått på hoppkanten, men aldri riktig komme i svevet», fortel han. Og med det meiner han at han har fått mange forespørslar og hendendelsar frå fjern og nær om å komponere musikk, men han har altså ikkje komme lenger enn til kanten.

Musikklivet i heimbygda var brukbart da han vaks opp, fortel han vidare. Saman med kompisen Jon Skogstad, som og var musikkinteressert, spela han til dans på lokalet alt i tolvårsalderen. Noko han meiner ikkje hadde vore lov i dag, og ungdomane var enige i det.

På tur etter 45 minutts musikktime spurde vi ein av åttandeklassingane kva ho tykte, og av  svaret som følgjer synest det som at «læraren» vart godkjent: - De va gøitt, - det verka kortar enn æn vanle skultime.