«Kalla-byen» i Alaska

Petersburg i Alaska er ein fargerik by. Det har surnadalskunstnaren Kalla Skrøvseth sin del av æra for.
Kultur

Karoline «Kalla» Skrøvseth kom til byen sør i Alaska i 1954, og vart der i knapt to år. Sekstifem år seinare kan vi likevel ane streken og stilen hennar over heile byen. Her finst enno måleri Kalla gjorde, blant anna på sjukeheimen, og fleire av kunstelevane ho hadde den gongen har vidareført det dei lærte.