Eivind Hasle med ny bok:

Ei sprudlande, edrueleg historie

For 100 år sia var 20 prosent av alle innbyggarane i Møre og Romsdal organiserte fråhaldsfolk. Eivind Hasle fortel historia om denne store folkerørsla i den nye boka si.

RIK HISTORIE: Eivind Hasle viser at historia om edruskapsarbeidet i fylket er uhyre mangfaldig. (Foto: Svein Sæter) 

Kultur

I desse dagar er det 100 år sia den store folkeavstemminga om brennevinsforbodet i 1919. Eit fleirtal på 61,6 prosent stengte kranene, og fleirtalet var aller størst i Møre og Romsdal: 88 prosent! Da forbodet vart oppheva ved ny folkeavstemming sju år seinare, var fylket vårt framleis det mest edruelege i landet: 77,2 prosent sa nei. Men både fleirtalet og oppmøtet var mindre på Nordmøre enn på Sunnmøre.