Inviterer til gammaldags julemarknad på Nesset prestegard

– Her blir det litt av kvart både å få oppleve og få kjøpe!

gler seg: Bjørn Ølander frå Romsdalsmuseet og Turid Øverås frå Nesset kommune gler seg på nok ein julemarknad på Nesset prestegard. 

Interessa for å få plass har vore så stor at vi har vore tvinga til å seie nei til mange.– Interessa for å få plass har vore så stor at vi har vore tvinga til å seie nei til mange.

Kultur

Bjørn Ølander frå Romsdalsmuseet og Turid Øverås frå Nesset kommune står nok ein gong i spissen for den årvisse julemarknaden på Nesset prestegard. Førstkomande laurdag og søndag er det niande gongen dei inviterer til julemarknaden som har vorte svært så populær. I tillegg til Romsdalsmuseet og kommunen er Nesset bygdekvinnelag, Aktivitetssenteret og Eresfjord husflidslag med som arrangørar.