Rimsmedane i Kvalnesvika

Halsa heimbygdlag vil hylle folket som tidlegare budde i Kvalnesvika når dei inviterer til underhaldningskveld i grendehuset Fredheim torsdag kveld, under namnet «Rimsmedane i Kvalnesvika».

Lokalhistorie: Lars Indreiten og Halsa Heimbygdlag inviterer til kulturkveld i Fredheim 8. oktober, der dei gjennom tekstane til rimsmedane Jon Reitan, Johannes Reitan og Gunnar Betten vil hylle folket som budde på den no nedlagde og fråflytta garden Kvalnesvika. Foto: Bernt G. Bøe.  Foto: Bernt G. Bøe

Kultur

Garden Kvalnesvika, som i fleire tiår har vore fråflytta, ligg mellom Halsa og Bøfjorden og er i dag eit populært turmål. Det er folket som tidlegare budde her underhaldningskvelden i Fredheim skal handle om.