Seminar i regi av Trondheimsolistene

– Dette er viktig for rekrutteringa

Laurdag kunne alle elevane til fiolinlærar Synnøve Hammervold deltake på seminar. Dette var elevar frå Surnadal, Heim og Sunndal. Seminaret vart leia av tre medlemmar frå Trondheimsolistene.

Fellesnummer: Elevane, inkludert dei yngste, skal spele to songar med Trondheimsolistene på nyttårskonserten. Nokon av elevane er med på fire songar.  Foto: Tina Fløystad

Kultur

Elevane til Synnøve Hammervold som spelar fiolin eller cello, var inviterte til å deltake på seminar med Trondheimsolistene laurdag. Seminaret vart arrangert på Sunndal kulturskule.