Skal opptre på Trondheim Calling i 2021:

400 søkjarar, 12 artistar vart valgt – Mari er éin av dei

Mari Halse er 21 år gamal og lagar musikk under namnet Ira Nor. Trondheim Calling er ein av få festivalar i Noreg som viar heile programmet sitt til ny norsk musikk.

Ira Nor er éin av 12 utvalgte artistar som får opptre på bransjefestivalen Trondheim Calling i juni 2021.  

Kultur

Trondheim Calling skriv i ei pressemelding at dei mottok langt fleir søknadar enn forventa, frå artistar landet rundt som ønskjer å opptre på bransjefestivalen i 2021. Det var i alt over 400 søknadar frå alle fylka i Noreg.