Held på den gode tradisjonen

TrondheimSolistene vil også markere det komande nyåret i Surnadal kulturhus. Og denne gongen med eit fyrverkeri av ein solist!

TrondheimSolistene med solist og elevar frå kulturskulane Surnadal/Rindal og Sunndal, kjem til Surnadal kulturhus 8. januar.   Foto: Nikolaj Lund

Kultur

Fredag 8. januar er dei her igjen. Og nok ein gong med eit variert program, med solist og gjestemusikarar, skriv Surnadal kulturhus i ei pressemelding.

Gjestemusikarane er lokale: Elevar frå kulturskulane Surnadal/Rindal og Sunndal vil spele på lag med TrondheimSolistene på nokre nummer.

Solisten er Eir Inderhaug, utdanna i Danmark og med mange solistoppdrag også i Tyskland og Sverige. I tillegg til heime sjølvsagt; som med «Les Misérables» ved Trøndelag Teater, «Spelet om Heilag Olav» på Stiklestad og «Peer Gynt» ved Gålåvatnet.

Eir Inderhaug taklar både opera, musikal og operettar klokkereint, i tillegg til meir vanlege konsertar som denne. Ho er noko av det næraste ein kjem nyttårsfyrverkeri frå ei scene – og slik sett ein passande solist til konserten 8. januar!