Kven bør få Kleivaprisen 2021?

Kleivaprisen har vore delt ut sia 1998. Prisen er oppattkalla etter Hans Hyldbakk sin heim og løyvd gjennom fondet etter same mann.

Prisutdeling: Utdeling av Kleivapris og tildeling av pengar frå Kleivafondet er sjølvsagt del av Kleivakvelden. Else Brandvoll Andresen fekk prisen i fjor – her saman med prisutdelar, politimeister Ingar Bøen og Lilli Husby frå Surnadal kommune.  Foto: Magne Lillegård

Kultur

Det er styret for Kleivafondet (formannskapet i Surnadal kommune) som tildeler prisen til nokon dei meiner har «gjort eller gjer ein innsats for kultur og bygdesoge på ulønt og frivillig basis» i Surnadal kommune.