Revyen som måtte trasse mykje motgang: Virus – en smittsom revy har premiere 23. april

Revygjengen i Sunndal diskar opp med to framsyningar fredag og ei framsyning laurdag 24. april.

Revysjefane Fredrik Stokke og Aurora Gustavsen. Her foran Sunndal kulturhus, kor dei endeleg skal få vise publikum revyen dei har arbeidd med i ei tid prega av motgang på grunn av pandemien.   Foto: Tina Fløystad

Kultur

– HURRA! Avgangsrevyen 2021- Virus- en smittsom revy, vil etter mykje motgang, komme på scena i Hovshall neste helg, med premiere fredag 23.april, skriv revysjefane Aurora Gustavsen og Fredrik Stokke samt Edel Hoem i ei pressemelding.

På grunn av koronarestriksjonane kan dei ikkje ha fleire enn 100 publikummarar i salen.

– Til gjengjeld vil vi køyre to framsyningar på fredag, og ei framsyning på laurdag 24.april.

Om lag 50 elevar står på scena denne helga, og ønskjer meir enn nokon gong å få vist fram revyen sin for sunndalspublikummet, står det vidare i pressemeldinga.

– Vi håpar sunndalingane møter opp på revyen neste helg. Elevane treng dykk både for applausen sin del og for å kunne dra «prosjektet» i land økonomisk. Billettsalet opnar for publikum i neste veke og her er det viktig å vere tidleg ute. Velkommen til revy!