– Raskaste billettsalget i revyen si historie

– Vi er svært optimistiske foran helgas revyforestillingar etter at nesten alle revybillettane til årets avgangsrevy vart rivne bort på svært kort tid, da billettsalget opna mandag kl. 12.

Rose Torve og Marit Heimtun. Bilete er frå øving til Virus – En smittsom revy.   Foto: Tina Fløystad

Kultur

Dette skriv Edel Hoem i ein e-post til pressa.

Ho skriv vidare at dette må truleg vere det raskaste billettsalget i revyen si historie (sjølv om det berre er plass til 100 personar i salen).

– Berre nokre få billettar er igjen til siste forestilling på fredag og forestillinga på laurdag. Alle dei tre forestillingane vil bli streama gjennom Kulturhusets facebookside. Her vil de finne ei lenke og eit nummer de kan vippse pengar til. Vi håper mange vil klikke seg inn på streaminga og donere billettpengar inn til revyen, skriv Edel Hoem.

Ein kan Vippse til dette nummeret: 118565

– Takk for oppslutninga så langt.