Virus – ein sprudlande revy med smittsamt humør og eit godt skråblikk

Ungdomen leverte så det ljoma. Dette er den gode latteren vi alle treng no! Treffsikkert og godt gjennomført.
Kultur

Ein skulle ikkje tru at årets avgangselevar ved Sunndal vidaregåande skule har fått øvd mindre enn vanleg i forkant av revyen, både sketsjar, dansenummer og songtekstar sat som dei skulle på generalprøven. Ikkje kunne ein merke noko til nervar heller og eit strømbrudd kunne heller ikkje vippe denne gjengen av pinnen. Kva er vel ein generalprøve utan eit lite skjær i sjøen, men dette skjæret var utanfor alle i Hovshall sin kontroll, og det tok ikkje lang tid før showet var i gong att.