Åtte ungdomsband arrangerer konsert – gjer alt sjølv

Heile åtte kulturskuleband arrangerer konsert på kulturskulen i Sunndal tysdag.

Ungdommen tek i eit tak: Ørjan Smisetfoss på gitar, med Jo Inge Nes på trommer. Her på den førre ungdomskonserten i regi av elevar ved Sunndal kulturskule, i november 2020. Den gong med Sunndal Rockeklubb og Rallarn som medarrangørar. Tysdag 18. mai arrangerer elevane ved Sunndal kulturskule konsert på eiga hand.   Foto: Tina Fløystad

Kultur

Det er tre-fire medlemmar i kvart band og 25-30 ungdommar til saman som skal avvikle konserten. Dei gjer alt sjølv – riggar, køyrer lyd, syt for at smittevernrestriksjonane blir overheldt og opptrer.