No skin det sol over Vårsøghelga!

I fjor var det ein halvmeter snø, då dei skulle spele inn den digitale Kleivakvelden på Kleiva. I år har at Vårsøghelga vald å flytte nokon av arrangementa utandørs, fordi det ligg an til å bli strålande sol og sumartemperaturar.

Utrulege vêrmeldingar: Dagleg leiar for Vårsøghelga, Anders Larsen, er glad sola skal skine under årets festival i Surnadal.   Foto: Geir Forbregd

Kultur

Dagleg leiar for Vårsøghelga, Anders Larsen, seier dei pla spekulere på korleis vêret blir heile vinteren og at årets festivalvêr berre er heilt utruleg. Dei fine meldingane gjer at to av arrangementa under årets Vårsøghelg blir flytta utandørs. Dette gjeld Drivadebatten og Boksøg.