Gjentek suksessen frå i fjor: – Vi er ivrige på å få til ting i lag

Kjellarstuo som driv puben i Øksendal arrangerte ein familiedag i fjor sumar. Mange tok turen og fleire har spurt om det blir ein familiedag i år òg. Noko det heldigvis blir! Etterfulgt av pubkveld.

Her blir det full fart laurdag: Kjellarstuo inviterer til familiedag og pubkveld. Ein kan delta på fleire aktivitetar og ete seg god og mett på gratis mat. Kanskje vinn ein i tillegg noko i loddtrekninga, før ein tek turen til puben i det gamle kommunehuset.   Foto: Tina Fløystad

Kultur

Styret i Kjellarstuo, som er namnet på både puben i Øksendal og laget som driv den, har sett seg nøydd til å halde puben stengt under mesteparten av pandemien. I mai 2021 var det endeleg mogleg for dei å opne dørene att til Kjellarstuo, som ein finn i det gamle kommunehuset på Øksendalsøra som ligg idyllisk til nede ved fjorden.