Konsert med unge operasongarar i Stangvik

Det er stor aktivitet i Stangvik for tida. Snart byrjar Stangvikfestivalen og i programmet finn ein mellom anna ein konsert heldt av unge songarar som har delteke på sommerakademiet.

Operasangeren fra Bøfjorden, Sigrid Vetleseter Bøe er både kursansvarlig og en av instruktørene på sommerakademiet i regi av Operaen i Kristiansund og Stangvikfestivalen.   Foto: Jan Erik Fillan

Kultur

Neste veke startar Stangvikfestivalen og Operaen i Kristiansund sitt sommarakademi for unge songarar, skriv arrangørane i ei pressemelding.

– I ei veke ska unge songtalent frå midt-Noreg bu og arbeide på Stangvik Prestegard-Kulturspinneriet. Instruktørar i verdsklasse skal skolere neste generasjon operasongarar, skriv dei.

Etter akademiet skal dei unge songtalentane framføre for publikum.

– Fredag skal det haldast konsert i Bondehuset, Stangvika, og laurdag går turen til Knudtzonlunden på Frei i Kristiansund.

Konsert når det ikkje er festival

Stangvikfestivalen har fått støtte frå Norsk kulturråd til å ha ein eigen konsertserie det året det ikkje er festival, som arrangerast kvart anna år, og dette er ein av konsertane.

– Stangvik grendelag er også med å arrangere, og saman skal vi ha 4–5 konsertar fram mot jul.