«Bua vår» på museet

Samvirkelaget i Bøfjorden feirar 75-års jubileum i helga. Etter laurdagens samling på grendahuset følgjer historielaget opp med biletkåseriet «Bua vår» på sjøbruksmuseet søndag.

Coop Marked – eller Bøfjord Samvirkelag – er nærbutikk for heile Bøfjorden i dag.   Foto: Bernt G. Bøe

Kultur

Her deltek mellom anna dagleg leiar for Coop Marked Bøfjord, May Iren Dønheim Hovde. Ho er oppvaksen i Bøgeilen, der Samvirkelaget hadde butikken dei første åra rundt 1950.