Kreativ hobbyaktivitet i Bøfjorden

Kunst, litteratur, bakst og ein flora av husflidsprodukt fylte museet i Bøfjorden søndag. Dagen dokumenterte mykje kreativt hobbyarbeid i bygda.

Mannekengane: Gunnhild Vetleseter Bøe (frå venstre), Gunhild Bøklep Bøe og Gjertrud Heggem viste flotte strikkaprodukt laga av Johanne Holten.  Foto: Alle: Bernt Bøe

Kultur

Lokalet dufta herleg av bollar, skulebrød og flettaloff frå «bøkkerkråa,» der søstrene Nora og Gunnhild Vetleseter Bøe hadde stor omsetning av heimebakst. «Nonnons Bakelsgraut» og «Mamens Ripsgele» gjekk også unna.