Sesongslutt på museet

Bøfjorden Sjøbruksmuseum avrundar sommaren 2021 søndag - med soddmiddag, nostalgiske idrettsglimt og trekning av sesongutlodninga.

Sabben har ønska velkomen mange museumsdagar - i år som før.   Foto: Bernt Bøe

Kultur

Dagens Tema markerer 75-årsjubileet til Bøfjord Idrettslag - med tilbakeblikk på den eldste historia i klubben. Ein biletserie viser glimt av turløp, skirenn, barneidrett og trimaktiviteter. Mest plass får fotballen, som unekteleg var hovudsatsinga i mange år.