Fløgstad-fest i fjøset

Trio Alde tolkar Kjartan Fløgstad i fjøset til Bjørnstjerne Bjørnson. Du store all verda for ein konsert.

FJØSKONSERTSAL: Fjøset på Nesset prestegard er ein flott konsertarena. Under Bjørnsonfestivalen sørga Emil Ramstad for god lyd og høveleg lys.  Foto: Svein Sæter

Kultur

Gabriel Fliflet er ein basehoppar i musikklivet. Han leiker like fritt med takt og tone som galningane med fallskjerm gjer med tyngdekrafta. Svevet er uforutsigbart. Du veit jo at han kjem til å lande, men ikkje kor.