Sjå bileta frå familiedagane!

Liv og røre for små og store

Leikvin kulturminnepark i Sunndal var ein livat plass i helga. Små og store deltok på det innhaldsrike programmet til familiedagane som Sunndal bygdemuseum og kulturtenesta inviterte til.
Kultur

Laurdag var det basar og dugnadskonsert som var dei største programpostane. Sundag var det duka for fleire aktivitetar for ungane, som støping av tinnsoldatar, besøk i smia og så kunne ein skyte med pil og boge. Sirkus Agio bidrog med underhalding – sjonglering og flammeblåsing (!) – og til slutt på programmet stod avduking av amfiet og offentleggjering av kva amfiet skal heite, samt konsert med Rasmus og Verdens beste band.