Jørgenkveld i kulturhuset:

– Vi garanterer at lattermusklane får trent seg

Etter ein «koronapause» er det no snart endeleg klart for ein ny Jørgenkveld, denne gongen i Surnadal kulturhus.

Suksess: Fjorårets førestillingar i Bæverhall og Bøfjorden grendahus vart utselde og veldig godt motteke. 3. oktober inviterer Lars Jarle & The Big Mamas til ein ny Jørgenkveld i Surnadal kulturhus. 

Kultur

For å heidre og minnast diktar og forfattar Jørgen Gravvold i samband med det som ville vore hans 90-årsdag 16. september i fjor, inviterte Lars Jarle & The Big Mamas til «Jørgenkveld» i Bæverhall og Bøfjorden grendahus i fjor haust. På grunn av koronasituasjonen vart alle planar om fleire oppsettingar sett på vent.