Inga (21) og Hanna (26) er to av åtte skodespelarar i landets største revy

UKErevyen er ein viktig og gamal tradisjon i festivalen UKA som arrangeres annakvart år i Trondheim. Revyskodespelarane har kome gjennom nålauge og sett studiar på vent, for å vere med på den sagnomsuste revyen med heile 31 framsyningar.

Sveitt etter trening: Her er Hanna Gravem og Inga Ragnhild Skogseth utanfor Studentersamfundet i Trondheim, rett etter øving til UKErevyen. Kor dei har dansa og stått på.   Foto: Celine Gradek

Kultur

– Det er ein over 100 år gamal revy! Og det seiast at UKErevyen er hjartet av UKA. I tillegg til revyen står barneteater og natt-teater på teaterprogrammet for festivalen, fortel sunndalingen Hanna Gravem (26).