Toneskattar av høg karat

Gro Kjelleberg Solli og Øystein Sandbukt er ein fenomenal duo, og viste det igjen søndag kveld. Da spela dei òg for første gong med Ronny Kjøsen. Dermed var det født ein trio som må få leva vidare.

TRIO FOR EIN KVELD: Gro Kjelleberg Solli, Øystein Sandbukt og Ronny Kjøsen spela saman for første gong. Vi vil ha meir.   Foto: Svein Sæter

Kultur

Gro frå Angvika og Øystein frå Oppdøl er folkemusikkutøvarar som landskappleikar og spelemannsjuryar og publikum har visst å sette pris på. Søndagens konsert i Stangvik kyrkje var bygd på eigne komposisjonar og tekster, i tillegg til tradisjonsskattar. Mykje av dette er med på dei siste soloalbuma dei to har gitt ut, Gro sitt «Stien eg fann» og fjorårets «April» frå Øystein.