Språksprang med Sylfest

Du veit aldri kva du får med Sylfest Lomheim. Det sette publikum i Rindal og Surnadal stor pris på.

SPELEMANN: Sylfest Lomheim avslørte seg som spelemann, med lånt gitar.   Foto: Svein Sæter

Kultur

Norskprofessor, debattant og NRK-profil Sylfest Lomheim fekk med seg både Rindal og Surnadal tysdag. På dagtid var han å høre i Attanova, og utpå kvelden i Surnadal folkebibliotek.