Heile bygda fekk gjev pris:

- Ein pris som forpliktar både givar og mottakar

– Denne prisen forpliktar oss til vidare arbeid for og med kulturlandskapet, seier Jostein Sande, ein av grunneigarane og seterdrivarane i Herdalen. I dag fekk bygda Norddal/Dalsbygda og Herdalen Kulturlandskapsprisen.

Jostein Sande og Åshild Dale.  Foto: Privat

Kultur

Sande er tydeleg stolt når han skildrar Norddal og Herdalen – som eit lite miniatyr av Noreg sitt tradisjonelle kulturlandskap. Her har menneske og dyr satt sitt preg frå fjord til høgfjell gjennom årtusenar med gardsdrift.