Åge Aleksandersen på ny heimebane:

-Æ e fra Stangvika, æ!

Først trollbatt han ei fullsett Stangvik kyrkje. Så studerte Åge Aleksandersen bygdaboka, og kunne slå fast: - Æ e egentli fra Stangvika, æ!
Kultur

Driva fortalte nyleg at bestefaren til Åge Aleksandersen, Aleksander eller berre «Sander», vart født i Stangvik 15. mai 1891 og døpt i Stangvik kyrkje fire dagar seinare. Men slekta har sterkare tilknyting til bygda enn som så. Svigermora til Sander, altså oldemora til Åge, var frå Torvik i gamle Stangvik kommune. Ein annan slektning vart både konfirmert og gift i Stangvik kyrkje.