Konsertnytelse i Åsskard

Avliva ein gong for alle den ubegripelege myten om trekkspelet

Eitt ord kan oppsummere accordeon-konserten i Åsskard kyrkje måndag: NYTELSE. «Storm Duo» og Ronny Kjøsen gav ei lydhør, om enn lita, forsamling ein herleg kveld.

Stor musikkveld med desse tre: Ronny Kjøsen, Kristin Farstad Bjørdal og Asta Soffia Thorgeirsdottir. 

Kultur

Vår eigen toneakrobat Ronny hadde invitert to velstuderte og virtuose trekkspel-ambassadørar, «Storm Duo» - med sunnmøringen Kristin Farstad Bjørdal og islandske Asta Soffia Thorgeirsdottir.