Målfolk samla på Sunndalsøra:

Satsar på skulen

Målfolk frå heile fylket var samla på Sunndalsøra i helga. – Kort sagt: kjøle vellykka! Det er viktig å møtast og finne inspirasjon. Språkarbeid i skulen blir viktig framover, seier Nils Ulvund i Sunndal Mållag.

MÅLFOLK: Leiaren i Romsdal Mållag, Øyvind Fenne (t.v.) saman med leiar Nils Ulvund i Sunndal Mållag.   Foto: Nordmøre Mållag

Kultur

Rundt 30 utsendingar møtte i Sunndal kulturhus, blant dei leiarane i både Nordmøre, Sunnmøre og Romsdal Mållag; Ingrid Kjønnøy, Ingebjørg Røyrhus Øyehaug og Øyvind Fenne.