Bøfjord og Bæverfjord oppvekstsenter:

Held forestilling på kulturhuset

Elevane og barnehageungane ved Bøfjord og Bæverfjord oppvekstsenter inviterer til storslagen forestilling på kulturhuset i Surnadal tysdag 23. november.

5-7 trinn skal framføre eit utdrag frå Hakkebakkeskogen  Foto: Bodil Kvam Aasbø

Kultur

Heile Bøfjord og Bæverfjord oppvekstsenter inviterer til storslagen forestilling på Surnadal kulturhus 23. november. Her vil det bli framføring av Pulverheksa ved ungane i Bæverfjord barnehage, ungane i Bøfjorden barnehage skal framføre Blåbærturen, det blir Alf Prøysen-songar, med og uten dramatisering, av elevane i 1-4 trinn, 5-7 trinn skal framføre første del av Hakkebakkeskogen og til slutt endar forestillinga opp med at heile oppvekstsenteret dansar årets BliMed-dans.