Revy- og teaterhistorie i Surnadal gjennom 55 år:

Slik begynte det

Den ryande ferske boka «Heittgjort» fortel historia om det unike revy- og teatermiljøet i Surnadal, frå 1965 til i dag. Boka er skriven av Styrkår Brørs, og blir lansert for publikum under revyen med same tittel i Surnadal kulturhus 19. og 20. november. Driva presenterer her, med løyve frå forfattaren og utgivar Surnadal Heimbygdlag, eit utdrag av det første kapitlet i boka. Bilda er henta frå heile historia.
Kultur

Dei harde trettiåra var tøffe i Surnadal. Arbeidsløyse og fattigdom skjerpa dei politiske motsetningane mellom bønder og arbeidarar. Bondepartiet og Arbeidarpartiet jobba iherdig med å fremje sine saker. Som del av denne striden vart det starta konkurrerande ungdomslag, Daggry i 1927 og Bondeungdomslaget i 1934. Også idretten vart politisert. Arbeidaridrettslaget Bjørn starta opp i 1932, som alternativ til IL Framtid (1913).