Jul på Todalshytta – historisk arrangement

Kultur

(Todalen.no) For aller første gong i historia skal det i år arrangerast julebord på Todalshytta. Takka være litt tetting og isolering, og ikkje minst to store varmepumper og oppgraderte vedovnar så er det faktisk gjort muleg å arrangere julebord eller juleselskap på Todalshytta i år. Arve Evensen som er vert på Todalshytta fortel at dei bevisst har tøyd ut sesongen i år, og det har vore vellukka både med hensyn til oppvarming og drift av kjøkkenet.