Koseleg stund på kulturhuset

Elevane og barnehageungane ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter inviterte familie og besteforeldre til forestilling i storsalen på kulturhuset i Surnadal i går kveld. Her kan du sjå bilete frå kvelden.
Kultur

Vi fekk servert både Nøtteliten, Blåbærturen og eit utdrag frå Hakkebakkeskogen i løpet av den timelange forestillinga. Og på scena briljerte uredde ungar med fin song og gode skodespelarprestasjonar. Her var det nok mange som var utanfor komfortsona si, men alle gjennomførte med bravur.