Arrangøren melder:

Julekonsertane i Åsskard og Todalen er avlyste

Dei planlagde julekonsertane i Åsskard og Todalen kyrkjer komande søndag er avlyste på grunn av pandemien, melder arrangørane.

Må avlyse: På grunn av pandemien må arrangørane dessverre avlyse begge dei annonserte julekonsertane i Åsskard og Todalen kyrkjer komande søndag.  Foto: Bernt G. Bøe

Kultur

Bernt Bøe seier til Driva at som hovudaktør har koret Prosjekt 17 heile hausten arbeidd fram mot søndagens konsertar i kyrkjene til storparten av songarane - Åsskard og Todalen.

- Ettersom pandemien hindra konsertane i fjor, gledde songarane seg ekstra mykje på å få ta opp att tradisjonen med «å synge inn jula» denne søndagen. Men både dei og sokneråda, som er formelle arrangørar, finn det rett å avlyse.