Lars Mæhle feirar 20 år som forfattar med ny bok

Lars Mæhle startar det nye året med Tusenfryd, ei novellesamling for unge.

Lars Mæhle markerer 20 år som forfattar med ei novellesamling.   Foto: Tone Elise Eng-Galåen

Kultur

I Tusenfryd møter vi seks unge som bur i ein liten tettstad og som går i same klasse. Dei står på terskelen til ungdomstida, og baler med kvar sine problem. Dei får kome til orde i kvar si novelle, og saman blir dei åtte novellene fletta saman til ei historie om vennskap, mot og sjølvtillit. Mæhle skriv med stor medvit og omsorg om korleis det er å vere ung i dag.