Hatle fekk målprisen

Applausen var lang og hjartevarm i Svinvika laurdag, då Nordmøre mållag ga målprisen for 2008 til Sverre Hatle.
Kultur

Hatle, som mellom mykje anna har arbeidd hardt for å digitalisere ordsamlinga som Bjarne Østbø etterlet seg - ei samling som no er tilgjengeleg frå nettsidene til Surnadal kommune, fekk prisen i Svinviks arboret laurdag, under konserten som er ein del av Vårsøghelga. Nestleiar og skrivar i Nordmøre Mållag, Nils Bjørsvik, overrekte prisen. Bjørsvik hadde mange godord å seie om Hatle, som òg i lang tid skreiv spalta Ord frå kistebotn i Driva. - Les forordet til ordlista, det vitnar om ein mann med språkvitskapleg kunnskap ut over det vanlege, seier Bjørsvik. Sjølv spøka Hatle då han skulle takke: - Eg har øvd på å seie takk i det siste. Eg veit det ikkje er sant, men det er godt å høyre likevel. Hatle vil gjerne ha fram at det er mange som er med på arbeidet med å digitalisere arbeidet til Østbø og dokumentere surnadaldialekta. Sjølv om han er leiar for nemnda som har ansvar for arbeidet, er det mange som ikkje vert nemnt. - Nokre har ringt meg mest etter kvar spalte i Driva. Du verden kor mykje kunnskap som kjem fram! Hatle vil at språket skal brukast, og oppmuntrar folk til å skrive som dei talar. - Ikkje la bokstaven tyne språket. Talespråket hadde levd i mange tusen år før nokon kom på å skrive ein bokstav. Skriv du slik du talar, vert det som regel godt språk.