Det er duoen Jorun Marie Kvernberg og Rune Tylden som tek med seg tradisjonsrike tonar og instrument og byr på ein allsidig time med slåttar og songar slik du ikkje har høyrt dei før.

Gjensyn Kvernberg og Tylden møttest tidleg på 2000-talet, som studentar ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. Romsdalingen gjekk på folkemusikklinje med fele og hardingfele som hovudinstrument, og Vossa-nordmøringen Tylden tok kyrkjemusikkutdanning med kyrkjeorgel som hovudinstrument. Men dei ulike utdanningane hadde på ingen måte vasstette skott, og Kvernberg og Tylden fann fort ut at dei utgjorde ein god duo saman - med folkemusikk frå Nordmøre som hovudtema.

Tjue år seinare fekk dei stor lyst til å ta opp att det gode samarbeidet, og no reiser dei igjen rundt med sine slåttar og songar. I tillegg til tradisjonsmusikken har Kvernberg med seg nokre av sine eigne komposisjonar, som er inspirert av folkemusikken.

Historisk musikk

Rune er til dagleg kantor i Nordlandet kirke i Kristiansund. Då er det fint at det finst eit meir portabelt alternativ til kyrkjeorgelet som i tillegg tilfører slåttane både varme og patina. Rune lessar det gamle Vestre-trøorgelet opp i varebilen, og Kvernberg har med eit heilt utval av feler og hardingfeler.

Med på reisa er også historiene.

– Eg let meg fascinere av levd liv, lagnadar og spanande livsreiser som høyrer til den gamle musikken.Her kan ein spore alt frå heilt lokale og personlege hendingar til historiske og religiøse linjer i Noreg og Europa, fortel Kvernberg.

Vossingen Rune Tylden kom til Kristiansund som 24-åring i 2002. Sidan har han blitt buande og arbeider både som kyrkjemusikar, filmmusikkomponist, musikalsk leiar for t.d. Guri-spelet på Smøla og er omreisande musikar med storleikar som Terje Rypdal og Ole Edvard Antonsen.

– Eg finn stor glede i å bruke folketonar og folkemusikk både i denne duoen og i mitt arbeid som kantor. Det er så uendeleg mange vakre melodiar og ukjende skattar å finne og bruke. Folketoneinnsamlingane gjort av Edvard Bræin brukar eg så ofte eg kan, seier den allsidige musikaren.

Leik og forankring

I arbeidet med duoen har dei to musikarane tilført tradisjonsstoffet mykje nytt i form av arrangement og akkordar, ved å utvide slåttane, dvele ved tema, ta fatt i det dei opplever som unikt for kvar song eller slått.

– Å vere ein formidlar av folkemusikken inn i vår tid er for meg ein balansegang mellom leik og utforsking på den eine sida, og kunnskap og forankring på den andre sida, filosoferar Kvernberg.

– Eg har jobba med folkemusikk heile livet og kjenner meg trygg på å også kunne lausrive den frå dei heilt tradisjonelle rammene. Somme tider blir musikken finast heilt som den er frå før, andre gonger tilfører ein nye og givande perspektiv ved å sette musikken inn i nye rammer. Og slåttane frå Nordmøre skiljer seg til dels mykje frå Romsdalstradisjonen som eg sjølv er vaksen opp med. Dei er så skarpe og råe, med blanding av dur og moll, og innimellom ein del blåtonar – eit inspirerande repertoar som eg aldri blir mett på, seier felespelaren.