Olaus Jeldness vaks opp på småbruket Trøinn i Stangvika. Han vart treft av to mektige bølgjer i norsk historie; utviklinga av skiidretten, og utvandringa til Amerika. Det første hopprennet i Norge vart arrangert i 1862. Da var Olaus 6 år gammal. Den første store utvandringsbølgja starta i 1866, og tok den 16 år gamle Olaus med seg i 1873.

Olaus Jeldness (opphavleg Gjeldnes) levde eit eventyrleg liv som gruvemann og oljeleitar, blant anna i USA, Canada og på Svalbard. I tillegg har han fått æra for å ha innført skiidretten til Canada, og det var derfor den store bronsestatuen av han vart avduka i Rossland sist veke. Småbyen like ved grensa til USA har fantastiske anlegg både for alpint og langrenn, og Olaus(heile byen er på førenamn med han) får mykje av æra for det.

Les den svært så interessante historia om jakta i spora etter skikongen som Svein Sæter har på trykk i papiravisa onsdag.