Søstrene Ellinor og Janne Husby var mest groggy etter sigeren:

- Vi er berre heilt overvelda og sett ut!

For sjølv om det vart siger på Knock Out, sleit koret med å få nok folk og var nær med å kaste inn handkledet før øvingane hadde kome skikkeleg i gang. Men med litt påfyll fra Surnadal vidaregåande skole og folkehøgskulen, fekk dei skrapa saman nok folk til at skule/oppvekst vart representert i idrettshallen laurdag.

For denne gongen var kora delt inn ut frå yrkesgrupper, riktig nok med litt tilgang av ”lausarbeidarar”. Knock Out framførte ”Den du veit” før pausen og ein kombiversjon av ”Start me up” og ”Living on a prayer” i andre avdeling. Og det gjorde dei på ein slik måte at dei vann både publikumsrøystinga og den interne kåringa som kora sjølv sto for. Prispengane, totalt kr 12.500, vil gå til Natteravnene.

Prisen til juryen gjekk til Trøkk, sett saman av folk frå ulike serviceyrke. Dei ga sine prispengar vidare til Røde Kors.

Forutan dei fem kora, deltok også eit fyldig barnekor og eit energisk shanty-kor frå Nordmøre Folkehøgskule utanfor konkurranse.

Vi kjem tilbake med meir om korslaget i avisa på måndag.

Av Steinar Hasselø