Vårsøgleiar Gerd Ingrid Kvendset håper at det fine vêret som er meldt inspirerer til at folk tek ut og får med seg mykje av Vårsøghelga.

– Vi gler oss berre heilt vilt og kjenner oss sikre på at årets Vårsøghelg vil innehalde noko for einkvar smak, seier Vårsøgleiar Gerd Ingrid Kvendset.

Eit par hjartesukk har ho å kome med. Ho ønskjer seg endå større påmelding til Råkksøg. Her er det plass til mange band, og ingen terskel for å melde seg på. I enden av Råkksøgen ventar ei skikkeleg gulrot – nemleg deltaking på Tahitifestivalen i Kristiansund i sommar for dei som kjem gjennom nålauget.

Juryeringa er i proffe hender med Jostein Ansnes som juryleiar.

Men det viktigaste er at flest muleg melder seg på og kosar seg på Sandeman scene.

Kvendset finn det kanskje endå meir underleg at det ikkje er meir rift om plassane på Navid Rezvanis hip-hop-verkstad. Vårsøgleiinga har verkeleg lagt seg i selen for å få den populære danseinstruktøren til Surnadal.

– Han er ein svært ettertrakta kurshaldar, og sidan det er så mange dyktige dansarar i distriktet, vil det vere synd ikkje å benytte seg når ein kan lære av den beste, seier ho.

Kvendset har store forventningar til framsyninga med Nordic Voices og dansar Navid. Dette blir ei heilt spesiell oppleving med flotte klangar i eit kor av internasjonalt format, saman med dans som er like spesiell.

– Elles hadde vi stordugnad i brannstasjonen på Øra måndag kveld. Her vart det gjort ein stor jobb med lyddemping og pynting, og brannstasjonen vart i alle fall så fin som det går an, seier ho.

Ho rår alle til å gå inn på YouTube og sjekke ut Gjertruds sigøynarorkester spele mazurka saman med Nils Henrik Asheim. Og endå større er det sjølvsagt å oppleve dei live i brannstasjonen.

Elles er billettsalet i ferd med å ta skikkeleg av og det er stor interesse for alle framsyningane.

I likheit med programmet for årets Vårsøghelg, er også vêrmeldingane av høg kvalitet. Tenk dykk strålande sol på 17. mai og 20 grader på Kleiva, og Laurdag og søndag stig temperaturane til godt over 20-talet.

– Då håper vi at godveret inspirerer folk til å ville få med seg mest muleg av Vårsøghelga, og at tilstrøyminga blir heilt topp på alle framsyningane, seier Gerd Ingrid Kvendset.

Helga startar allereie midt i veka. Onsdag middag inntek Tullkattesnutene Svorkasalen i kulturhuset, og barnehagar og småskular har meldt sin ankomst.

Og utpå ettermiddagen er det klart for Gisli Sursson-komedie i låven på Oppistua Øye – før det endeleg er tid for offisiell opning av helga saman med kunstutstilling av Oddvar Torsheim.

Det teiknar til å bli ei rekordfin Vårsøghelg.