Då Driva sist var og intervjua Einar Helde sa han at det var siste gong han gav ut bok.

– Det sei eg ikkje no, smiler han der han sit framfør oss, ved sidan av skrivebordet der ei skarp lampe lyser, i stua heime i Eidsvåg. Han er høgst oppegåande i sitt nittiande år, svarar engasjert, stundom med eit smil, andre gong alvorleg. Han ser mykje kring seg og har mykje på hjartet:

– Slik vert det bok av. Det er mykje eg vil få ut, men det vil ikkje seie at det vert bok av alt.

Han har kome seg gjennom kreft og to hjarteinfarkt, og samstundes lært av livet at ein må vere fleksibel og tåle noko motstand. Helde trur ting er avgjort på førehand; at vi ikkje kan styre alt sjøl:

– Eg hadde to brør som dødde i ung alder og eg finn ikkje nokon forklaring på det, ein må berre bøye seg for realitetane.

No har han skrive ei ny bok, på 208 sider. «Takketonar» heiter diktsamlinga som er gjeve ut på eige forlag. 88.000 kosta det han.

– Får eg att 8000 i sal er eg nøgd.

Boka har 60 sider prosatekst om kulturarven vår;

– Det er dei sidene som gjer at boka er verdt å ha! Eg er stolt av dei. Om dikta vil eg ikkje sei noko sjøl. Det er meiningane mine som kjem fram, og det er delte meiningar om dei aktuelle emna eg tek opp.

Dikta har han skrive i 2011 og 2012.

– Det er periodar der eg vaknar i fire-fem tida om morgonen, og har eitt dikt ferdig. Då er det berre å stå opp og skrive det ned, fortel han. Han utdjupar:

– Eg ser på meg sjøl som eitt medium, ånda i meg dikterer og eg skriv ned. No i det siste har eg ikkje skrive mykje. Eg går på overtid, men ein veit ikkje kva ein vil oppleve, difor sei eg ikkje noko no om at dette vert siste boka.

Mykje av dikta er politiske;

– Eg er i harme over innvandringspolitikken. Eg meiner dei dreg landet fullt av kriminelle frå utlandet og ein får dei ikkje ut att. Nokre vert ressurspersonar, men dei vert sendt ut, og då kjenner meg oss hjartelause.

Han sit ofte på Coop:

– Religion diskuterer eg ikkje, det er slik som levast, men nasjonalpolitikk vil eg diskutere. Eg følgjer med på TV-program og les aviser.

Helde tek 100 kroner boka, og vil du ha ei, er det berre å ta kontakt med ham på telefon eller brev.