Tysdag ettermiddag presenterte styremedlemar og medlemar i ei oppnemnt idegruppe den nye forestillinga som skal framførast av JazzåTeatret.

Teksta blir av Svein Sæter, medan Jo Inge Nes skal ha det musikalske ansvaret. Nils Golberg Mulvik er innleigd til hovudrolla, og elles vil det bli mest yngre aktørar – mest sannsynleg supplert av eit par «gamlingar».

- Vi er veldig glade for at vi har fått knytt til oss Svein Sæter som forfattar, seier medlem i arbeidsgruppa Lars Hjeldnes.

- Svein er oppvaksen på staden, og var eit naturleg førstevalg. Også Jo Inge Nes er eit svært godt val sett frå vår side.

Når det gjeld aktørane i tillegg til Nils, så er det mykje som ikkje er avklara enno.

Det blir framsyningar i lokala til referansesenteret ved Hydro Aluminium 1. og 2. november, og prøvane startar 1. september.

- Vi ønsker med denne forestillinga å rette søkelyset på det livskraftige samfunnet Sunndal har vorte, og vi håpar også denne gongen å få til eit fruktbart samarbeid mellom profesjonelle og amatørar. Det er klart at ei slik forestilling ikkje kan fortelle utviklinga frå A til Å, men vi håpar at vi kan sette søkelyset på utviklingstrekka. Dette blir ingen opera – når det gjeld form så tenker vi i utgangspunktet ganske vidt. Utvilsomt vil det bli sterke element av musikk. Kanskje blir det kor med – her er det mykje som ikkje er endeleg avklara. Vi har også lyst til å utnytte lokala mest muleg slik dei er i utgangspunktet – dermed er det ikkje sikkert at alt kjem til å gå føre seg på ei scene – men at det blir spreidd rundt til fleire stader i lokalet.

- Ta her ska vi få te! seier Lars Hjeldnes energisk.