Amerikansk folkemusikk med fiolinvirituosen Ola Kvernberg og Gammalgrass, saftige hamburgers og apple pie, og skodespelar Torgeir Reiten som formidlar historier frå da «gullkongen» Fredrik Bruset frå Stangvik reiste til Amerika for å grave gull. Dette gullkanta kulturelle kinderegget er det gjestene får servert når Vårsøghelga, i samarbeid med Vårsøg hotell, inviterer til «Vill Vest i Vårsøglandet» på fredagskvelden 29.mai.

Kulturkveldar med mat, musikk og forteljingar har vorte ein tradisjon på Vårsøghelga. Det starta for to år sidan med Italiensk og opera i Benito si ånd. I fjor var det heit dans, biff og stemningsrapport frå tangohovudstaden Buenos Aires, medan i år er temaet Nord-Amerika og banda til Norge og Nordmøre.

- Ja, dette trur vi blir ein uforglømmeleg kveld, seier dagleg leiar Gerd Ingrid Kvendset i Vårsøghelga.

- Musikalsk gler vi oss stort til å ha med oss Gammalgrass. Ola Kvernberg og fiolinen hans kjenner vi godt frå tidlegare Vårsøghelger, men i samspel med Stian Carstensen frå Farmers Market, som nokon hevdar er landets mest allsidige musikar, og den eminente jasskontrabassisten Ole Morten Vågan, veit vi at kvar konsert er unik og med mykje improvisasjon, seier Kvendset.

Gammalgrass har eit vidt reportoar, men utforskar og utfordrar mellom anna fellesskapen mellom norsk og amerikansk folkemusikk, med utgangspunkt i krysninga mellom gammaldans og bluegrass, og ga ut si første plate i 2013.

Innimellom musikken vil skodespelar Torgeir Reiten fortelje nordmørske gullgravarhistorier frå 1800-talets Nord-Amerika.

- Vi er så heldige at Sunndals store son Torgeir finn tid innimellom frilansarbeid i hovudstaden og intens Lady Arbuthnott –øving til å vere med og formidle litt av den unike, nordmørske gullgravar-historia som forfattar og tidlegare Driva-redaktør Einar Sæter har dokumentert.

- For meg, som kjem ifrå Stangvik, ser eg spesielt fram til å høyre meir om sjølvaste «gullkongen» Fredrik Bruset. Han kom tilbake med gullformua si i starten på 1900-talet, og bidro mellom anna sterkt til bygginga av Bon’huset i Stangvika, seier Kvendset.

Hamburgarar er ikkje vanlegvis å menyen til Horisonten Restaurant, men kokk Lena Kvande Vårsøg hotell lovar at både hamburgarane og eplepaien skal bli av ekte amerikansk kvalitet.

- Fredagskvelden blir jo ein fantastisk heilaften med først jubileumskonserten og så «Vill vest i Vårsøglandet». Vi legg det opp slik at programmet i Horisonten ikkje startar før Jubileumskonserten er ferdig. Velkomne, avslutter Gerd Ingrid Kvendset.