Alle surnadalingar fødd mellom 2003 og 2009 kunne delta i «Sommarles»; ein kampanje som skulle stimulere leselysta mellom desse ungdommane. Nær 24 %, kvar fjerde i denne aldersgruppa, deltok. Desse 109 unge lesarane las 1310 bøker på tilsaman 126 333 sider i løpet av tre sommarmånader!

Biblioteket er svært nøgd med oppslutninga, den femte høgaste i fylket, og ein har god tru på at enno fleire heng seg på til neste år. Det er Steinar Hasselø ved biblioteket som melder dette.

Det er framleis muleg for deltakarane å hente ut premiar, om dei skal ha slike for å ha lese så-og-så-mange sider. Surnadal folkebibliotek har i tillegg trekt ut tre tilfeldige vinnarar som får ein ekstrapremie; eit gåvekort på kr 300 som kan brukast i den lokale bokhandelen. Desse tre vann: Jonas Bævrevoll, Anne Eidsli Rodal og Jonas Hamnes Øye.