Eg vil takke Mali Settem for interessante og tankevekkande  innlegg i lokalavisene vedg. lobby-bar på kulturhuset Surnadal.         Eg veit at ho har fått mykje støtte for synspunkta sine, og eg vil oppfordre  dei som har teke kontakt til også å vise offentleg kva dei meiner om at kommunen og hotellet ønskjer alkoholservering i foajeen. Mange av oss er kanskje redde for ekle kommentarar i etterkant dersom vi deltek i debatten, for det er mesta slik at å flagge meiningar og motstand mot alkoholbruk har vorte litt pinleg. Å nippe til vinglaset er da kultur (!!!) – som ingen tek skade av å sjå, som vi har høyrt.

Det er ingen menneskerett å få drikke alkohol kvar som helst , når som helst. Vi veit at mange barn opplever foreldras alkoholbruk både utfordrande og utrygt, og vonde kjensler kan lett bli vekt til live . Ei anna sårbar gruppe er dei som alt har eit helsefarleg høgt alkoholforbruk, der det skal lite til før det kan »bere utfor» igjen. Det er noko som kallast solidaritet. Så lenge alkohol er problematisk for desse gruppene, har ikkje lovbestemmelsen som sikrar alkoholfrie fellesarenaer og område på nokon måte utspelt rolla si.      Alle bør få nyte fellesareala på kulurhuset utan å bli utsett for «alkoholreklame».

Inger Marie Paulsen     (08.05.18)