Eg har vokse opp med at kristen tru er ei personleg sak, men eg trur at du legg mest vekt på det almennyttige av å tilhøyra Kyrkja, og at den står i fare for å misse makta si over massene.

Eg er ikkje einig med NRK i alt, men at dei hoppa over himmelfarten i stille kan eg heller sjå gjennom fingrane med. Borna trur på julenissen i nokre år, men så blir han gjennomskua. Eg tykkjer rett nok synd på Jesus, som måtte fara åt himmelen for eiga maskin. Dei hevdar frå sikkert hald at temperaturen ute i rommet er ca. 260 minus, så eg vonar at han ikkje vart istapp lenge før han nådde målområdet.

Mykje kan likevel tyda på det, sidan ein ikkje har høyrt noko meir frå den kanten trass iherdig påkalling.

Etter at Den Katolske kyrkja overtok stafettpinnen etter Pilatus & Co. og vart rik og mektig så tok dei ikvartfall betre hand om logistikken åt helgnane sine og sende dei til himmels pr. kanon.

Teoriene frå tre tusen år attende held ikkje i vår tid. Dei ti bod er og for lite nyanserte som rettesnor i livet.

No heiter det at sjølv kong Harald ikkje er heilag lenger, og da kan vel og vi under- såttar reknast som vanheilage, heile bunten. Eg er redd for at bøner og besverg- ingar framleis berre rekk til taket.

Anne Petra    13.05.18