Takk til Mali Settem for to grundige og gode innlegg om kommunens ruspolitikk. Godt gjort å stå opp mot eit slikt overrumplingsforslag til skjenkeløyve i eit kulturhus.

Dessverre fekk ikkje KrF gjennomslag for sitt forslag. Og det er underleg i ein kommune med store rusproblem, at ein kulturell møteplass for så mange interesser, og der born og ungdom kjem og går, ikkje skal vera rusfri. Eivind Hasle hadde også eit vektig innlegg i Driva 2. mai om kulturhusets felles funksjon.

Eg har berre sett debatten referert i avisa, men tykkjer det er underleg at Bernt Venås skulle måtte be om undskyldning for det han sa om Arbeiderpartiet. Det er vel eit historisk fakta at arbeiderrørsla også var ei avhaldsrørsle fordi dei såg dei skadelege følgjene i samfunnet, spesielt i svake grupper, som arbeiderrørsla seier dei er talsmenn for. Det er heller ordstyrar som skulle be om undskyldning dersom eit slikt ordbruk som å «bli forbanna» ikkje vart klubba ned eller påtala i ein offentleg debatt. Ein vil sikkert seia at det er å bli sint, men dette er ei forflatning av språket. Forbanning betyr å ønskje, eller nedkalle, alt vondt over andre.

I Melhus kommunestyre hadde Kristeleg Folkeparti den tid eg var der fem representantar. Vi gjekk inn i eit politisk samarbeid med Arbeiderpartiet, m.a. fordi dei støtta den mest retriktive alkoholpolitikken, noko som ikkje var unaturleg som talsmenn for dei minste og svakaste.

Lensmannen hadde tilråding eller fråråding i skjenkjeløyvesaker, og det var ikkje sjeldan at han frårådde skjenkjeløyve på stader der det ferdast born og unge, eller t.d. i eit nedlagt stasjonsbygg, fordi det var så nære toglina. Slike frårådingar vart ALLTID tatt til følgje i kommunestyret. Eg veit ikkje korleis det er her. Når ein slik søknad som denne får ja, er det ganske fritt fram i denne kommunen. Og da må ein også ta følgjene, følgjer som dessverre er dramatiske og øydeleggjande for mange.

Einy Rendal Elgsæther