Eg har og lese det ho har skreve om alkoholserveringa på kulturhuset, og eg er heilt einig. Fleire frå KRF har skreve om det, og det er fint.

I andakten siterar ho frå Mt. 11.25 om at evangeliet berre er for dei umyndige, men det er berre siste del av verset. Først seier Jesus at dei vise og vettuge ikkje er medrekna. For slik var det Gud ville det.

Det er rett at evangeliet berre er for dei særleg interesserte. Det kan eg skriva av eiga erfaring. Dei lever i si eiga boble, der Gud er det store sentrum og overskyggjer alt. Kontakten med omverda blir da mindre. Det viktigaste er å kjenna Gud, og i trua gjer dei det. Men kor verkeleg er det igrunnen?

Det var dei umyndige som låg Gud sitt hjarte nærast, men å finna sin plass i samfunnet gjekk ikkje så bra. Tilpasninga vart lang og smertefull for begge partar.

Dei umyndige kan som regel ikkje haldast ansvarlege korkje for seg sjølv eller andre. Men her hende det  eit  uvanleg unnatak. I dei neste tusenåra fekk dei kristne uinnskrenka makt i den vestlege verda.

Her i landet vart kristendomen innført med militær makt av tre kongar:

Harald Hårfagre, Olav Tryggvason og Olav Haraldsson (den heilage) i slaget på Stiklestad i året 1030. Sistnemnde vart seinare kanonisert av Den Katolske kyrkja. Trua var noko førebudd av misjonering.

Dei kongelege og kyrkja slo pjaltane sine saman for å gjennomføra dette historiske skiftet. Tanken var å samla Noreg til eit rike, og kristendomen skulle vera statsreligion. Metodane dei bruka var nådelause og brutale mot dei som ikkje ville vedkjenna seg trua. Dei som vart utpeika som syndarar fekk smaka pisken. No er det slutt på slike straffemåtar, men vi kan framleis høyra urovekkjande ting t.d ifrå dei muslimske landa.

Kong Harald V kan ikkje lenger kalla seg heilag.

Og dronning Sonja har nyleg åpna ein minnestad over dei som vart brende på bålet i Vardø på 1600-talet. Det var sikkert fleire i heile landet.

Vi har ikkje så mykje å klaga på her i landet. Dei vise og vettuge har sørga bra for dei fleste, og det er å vona at dei vil halda fram med det.

Anne Petra Holten