Det er ei kjent sak at dei eldre ikkje alltid får dei ytingane og dei tenestene frå det offentlege som dei har eit rettmessig krav på. Eit ferskt, grelt døme i så måte gjeld sjuke eldre som ikkje har fått den gratis tannbehandlinga dei har krav på når dei mottek heimesjukepleie i eigen heim. I 2017 fekk berre 23 prosent av eldre med heimesjukepleie den gratis tannbehandlinga dei har krav på. Dette viser tal frå Statistisk Sentralbyrå i følgje avisa Dagbladet.

Eldre og langtidssjuke som har tilsyn av heimesjukepleieverksemda, har rett til gratis tannbehandling. Den offentlege tannhelsetenesta er fylkeskommunal og får løyvd pengar til å gi eit oppsøkande tilbod til dei gruppene som har krav på det.

Kvifor heile 77 prosent av heimebuande, sjuke eldre ikkje nyttar seg av tilbodet, finst det ikkje statistikk på, i følgje Dagbladet. I ei undersøkjing utført av ei gruppe forskarar ved Universitetet i Bergen svarar mange av dei eldre med behov for tannbehandling at dei ikkje har nokon som kan følgje dei til tannklinikken. Eldre vil, så sant det let seg gjere, ikkje vere til bry for andre. Dette må vere reint typisk døme på slik tankegang, etter mitt syn. Det må med god planlegging kunne ordnast med nokon som kan følgje den eldre personen til staden der tannbehandlinga skal føregå. Kan dette vere ei oppgåve for frvillige organisasjonar?

Surnadal eldreråd har dei siste 10 åra fatta vedtak om saker dei vil arbeide med i det enkelte budsjettår. Tannhelsa ved institusjonane og heimetenesta har vore ei slik sak som har gått igjen kvart år. For året 2018 lyd punkt 8 på eldrerådet si prioriteringsliste slik: «Tannhelsetenesta ved institusjonane og heimetenesta. Eldrerådet vil påpeike kor viktig det er at dei eldre blir gjort kjent med at pasientar under heimesjukepleieverksemda blir gjort kjent med at dei kan få gratis tannbehandling gjennom den fylkeskommunale tannklinikken på Øye.»

Det er særs viktig at dei sjuke eldre får den tannbehandlinga dei måtte ha eit rettmessig krav på. God informasjon og oppfølging et viktig i denne samanhengen.

Johs. J. Vaag