I debatten ang Nordøyvegen er det mange som « surrar ihop» kvar inntekter og kostnadar oppstår.

– tenk på alt ein kunne bygd i Møre og Romsdal av vegar osv med dei 3,3 milliard kronene som skal nyttast til Nordøyvegen ?

Journalisten fekk følgjande spørsmål tilbake:

– trur du dei 350 mill kr i bompenger på Nordøyvegen kan nyttast ande stader?

– trur du dei 315 mill kr i RDA midlane frå Haram og Sandøy, kan brukast ande stadar?

– trur du dei 3-460 mill kr frå Kommunane Nye Ålesund, Haram og Sandøy kan brukast andre stadar?

– trur du rentekompensasjon på 89 mill kr kan nyttast andre stadar?

– trur du mva kompensasjonen på 700 mill kr til Nordøyvegen kan nyttast andre stadar?

– trur du dei 15 mill kr frå IP Huse kan brukast andre stadar?

– trur du dei 500 mill kr som må til med nye ferjekaier i området i framtida, kan nyttast andre stadar dersom Nordøyvegen ikkje vert bygd ?

Og til slutt,,,

– trur du at dei 100,9 million kronene som vert brukt til underskottsdekning ÅRLEG

– nei, sjølvsagt ikkje på alle spørsmåla, og til slutt sa han: « Trur eg ikkje skriv om denne saka likevel eg»

Dette er faktisk ei sann historie, og viser at dersom en setter seg ned og ser på kostnadane ved fortsatt ferjedrift, tyder mykje på at dette slett ikkje er rimelegare en faktisk å bygge Nordøyvegen, sjølv etter overskridingane på 800 mill kr.

Stoppar en Nordøyvegprosjektet må det lysast ut nytt ferjeanbod, med null og lågutslippsfartøy jamf Stortingsvedtaket.

I dag er ferjene til Nordøyane fylkets dyraste ferjer, blandt anna pga farled 3 kravet, men er i dag trafikkert med eldre fartøy.

Med utlysing av nye anbod, vil det til liks med det vi alt har lyst ut her i fylket, oppleve en kraftig kostnadsvekst.

Det må også byggjast nye ferjekaier og anna infrastruktur til mellom 0,5-1 milliard kr.

Anboda i dag kostar fylkeskommunen årleg berre på Nordøyane 100,9 mill kr.

Over 40 år er dette godt over 4 milliard kr, med nye ferjeanbod trur eg dette raskt kjem mellom 5-6 milliard kr.

Derfor skal vi no arbeide grundig med anboda til Nordøyvegen og sjå kva handlingsrom som finnast, og vi skal arbeide like grundig med 0- alternativet dvs kva kostnad fylket får ved fortsatt ferjedrift og nye anbod og nye ferjekaier.

Så får vi til slutt konkludere.

Kva som vert « fasiten» her er ikkje openbart, men jaggu vert det dyrt med fortsatt ferjer i framtida også, og det er i så fall bompengar og ferjer til evig tid.

Frank Sve Fylkesleiar og gruppeleiar iMøre og Romsdal FrP.